Sogn og Fjordane sitt største dataparty!

The big event of 2012 - Gamerlounge!

Gamerlounge

Noko av det som er stort og nytt på bLAN 2012 light, er at vi har set opp ein eigen “Gamerlounge”. Dette er eit prøveprosjekt i år, og vi i crew har mange erfaringar å ta til oss før dette er eit ferdig prudukt. Vi har likevel trua på at det blir AWESOME, og satsar på å få plass til ca. 40 gamers denne gongen. Skriv gjerne på forumet kva du tenker om prosjektet, og kom gjerne med tips og ønsker for korleis du vil ha det der.

 

Såh, kva er eigentleg Gamerlounge? 

Gamerlounge er ein eigen gamingarena adskilt frå hovudsalen. Her skal folk som har lyst til å game og ha det rolig og stille rundt seg ha muligheit til dette. Der vil til ei kvar tid vere vakter som passar på at ting går føre seg slik dei skal. Det vil i tillegg vere kontinuerleg visning av hovudsalen på storskjerm, i tillegg til ein infoskjerm der ting blir kunngjort.

 

Søknad

Du eller clanen din må fylle ut eit kort søknadsskjema for å få sitte i Gamerlounge. Dette er no tilgjengeleg, søknadsskjema finn du HER! Det viktigaste av alt er: LES NØYE igjennom både “Kriteriar” og “Reglar” før du sender inn ein søknad!


Det er 40 plassar i Gamerlounge i år.

Kritereiar for å sitte i Gamerlounge

  1. Gamerlounge er for gamers - altså, du må game for å få lov til å sitte der.
  2. Søknaden må vere godkjent av crew - Søknaden fungerer som ei påmelding. Du får rask tilbakemelding, og dersom du får avslag frå crew må melde deg på på vanleg måte.
  3. Du eller clanen din må vere med på minst ein av dei to store compoane - I søknaden må du eller clanen din skrive kva av dei største compoane dokke skal delta på. Dette er gyldig førehandspåmelding til compoane.
  4. Dersom du har fått plass i Gamerlounge - har du fått plass i eit flott og sosialt gamermiljø. For å gjennomføre dette best mogeleg, er det påkrevd at du er til stades alle 3 nettene.
  5. Brudd på reglar eller kriteriar vil føre til utkastelse fra Gamerlounge - vi kan ikkje garantere at der er plass til deg eller clanen din i hovudsalen dersom dette skjer.


Reglar for Gamerlounge

  1. ALLE dei andre relglane for bLAN gjelder også i gamerlounge.
  2. Det er ikkje lov med høgtalara og det skal vere forholdsvis stille. (Moderat rage er selfølgeleg greit).
  3. Det er ikkje lov og drive med tusjing og anna tull verken på dei som er våkne eller dei som søve i gamerlounge.
  4. Folk uten Gamerlounge pass har ikkje tilgang til Gamerlounge under konkurransar.
  5. Gamerlounge er også sovesal for dei som har plass der - lydnivået skal vere der etter.