Ja, både påmelding og plassreservering opna ved midnatt. Billettprisen er 350kr uansett kva plass du har. Nytt no i år er at du kan bestille deg ei MEGA-AWESOME bLAN T-SKJORTE når du melder deg på. Denne kostar 100kr, og du får den når du kjem i billettluka og betalar deg inn på bLAN. Den er eksklusiv og KUN tilgjengeleg på bLAN - og på denne måten kan du ha ein flott souvenir, som viser at du har vore der. Dersom du har søkt om plass i Gamerlounge, vil du kun få tilgang til å reservere plassar der. Uansett må du melde deg på på vanleg måte for å få tilgang til plassreserveringa. Du kan og oppgradere til Gamerlounge-plass seinare sjølv om du melder deg på vanleg no.
Påmeldinga finn du her! :)








