Problemstillinga mi er: på to forskjellige datamaskiner, som er på same nettverk ligg det ei mappe på maskina sin interne harddisk. Mappa heiter "Diverse", og i den ligger det igjen mange undermapper - som igjen har ein del undermapper, osv. I utgangspunktet var desse mappene heilt like på alle måtar, men etterkvart har eg lagt til filer her og der, flytta filer, sletta filer og mapper osv. Eg lurer på om det finnes eit program eller måte å gå fram på som gjer følgande: analyserer dei to "Diverse"-mappene slik at eg kan forsikre meg om at alt innhold (og struktur) er identisk. Det gjeld til dømes: filnavn, størrelse (Kan nemlig hende eg har redigert ei videofil, og laga fleire versjonar av den, som då vil ha same filnavn på dei 2 forskjellige maskinene men ulik størrelse og "endret dato". Til sjuande og sist ønsker eg å ordne det slik at det er den siste versjonen som ligg i "Diverse"-mappa på dei to PC'ane) - og i hvilken mappe/directory dei ligger. Om det f.eks mangler ei fil i den eine mappa i forhold til den andre, eller fila heiter noko anna, eller ikkje ligg på same plass (undermappe), vil eg vite det. Har dokke forslag på korleis eg kan gjere dette? Ser vanskelig ut for at eg kan ta ut harddisken frå eine maskina og sette den i den andre. Om det er eit program som kan gjere susen via nettverket, hadde det vore fint..
Program som kan sjekke at innholdet og struktur i to mapper er identisk?
fre, 27/01/2012 - 12:40









