FAQ - Ofte Stilte Spørsmål.

Det er ein del spørsmål som går igjen, og dei har vi prøvd å samle nedanfor. Før du spør oss om noko er det fint om du les gjennom det som står her. Antakeleg er spørsmålet ditt svart på her.

Q:Leiger de ut PCar?
A:Nei. Vi gjer nok ikkje det.

Q:Kva compos kjem de til å ha i 2010?
A:Vi kjem antakeleg til å ha CS og WC3. Kva premie? Ukjent inntil det kjem på forumet. Kva andre ting? Ukjent, inntil dei vert kunngjorde. Kom med innspel, så skal vi jobbe med det!

Q:Kva internetlinje har de?
A:Vi kjem til å ha ei linje frå Enivest på 15-20Mb. Vi garanterer at det blir god hastighet mot Internet heile LANet

Q:Kjem eg meg på nett på bLAN med ISDN-kortet mitt?
A:Nei, det gjer du nok ikkje. For optimal opplevelse må du ha eit 100Mb nettverkskort. Dette kostar rundt 100,- og dei fleste databutikkar har det.

Q:Må eg nytte fullt namn i påmeldinga?
A:Ja. Om du ikkje nyttar fullt namn vil ikkje vi aktivere påmeldinga, og du får ikkje tilgong til plassreserveringa.

Q:Kva om eg er usikker på om eg kan komme på bLAN?
A:Vent med å melde deg på til du er sikker. Vi har hittil ikkje opplevd eit einaste bLAN der det har vore fullt. Du kan også melde deg på, men vente med å aktivere påmeldinga til du veit om du kan komme eller ikkje

Q:Er det aldersgrense på bLAN?
A:Nei, vi har ikkje hatt aldersgrense. Hovudtyngda av folk er mellom 13 og 16 år, med relativt få under 13, og relativt få over 16. Om du vil komme sjølv om du er utanfor desse aldersgruppene er opp til deg. Kravet er at ein må vere i stand til å ta vare på seg sjølv.

Q:Må eg ha antivirus?
A:Om du nyttar Windows du ha antivirus. Dersom du nyttar andre OS ser ikkje vi noko behov for antivirus. Uavhengig av OS må du også ha installert alle oppdateringer.

Q:Kva om eg ikkje har antivirus?
A:I så fall finst det mange alternativ. Du kan prøve eit av dei som er lista på vertkøy-sida vår.

Q:Kor mykje plass får eg?
A::Kring 90cm, som er nok til 21" CRT/20" LCD, tastatur, mus og kabinett. Kva du bruker denne plassen på er opp til deg...