bLAN er eit årleg LAN, som vert arrangert første helgja i haustferien og vinterferien. Det har vorte arrangert sidan 1999, og er dermed svært godt etablert, og vi har mange trufaste deltakarar som vender tilbake år etter år.
bLAN blir arrangert i Breimshallen, som ligg sentralt ved E39, slik at det er lett å komme seg dit, både med privatbil og buss frå omtrent heile fylket.
Vanlegvis har vi 100-150 deltakarar på bLAN, og dette har stege ein del siste åra. Sidan vi har såpass mange deltakarar har vi satsa sterkt på å få til aktivitetar som ikkje har så mykje med IT å gjere, slik som servering av betasuppe, singstar-konkurranse o.l