Gode verkty for Windows

På internett er det ein jungel av programvare og verkty for Windows og andre operativsystem. Sidan det er så stort fleirtal av Windows maskiner på bLAN, konsentrerer vi oss om software for dette. Lista kan vere til hjelp for deg, slik at du finn fram i jungelen...

Oppdateringer

Som alle veit, har Windows (og andre operativsystem) mange sikkerheitshol. Desse vert stadig utnytta av ondsinna program, som virus og spyware. Difor står det i reglane at alle datamaskiner på bLAN skal ha installert alle kritiske oppdateringer. Dette er heilt gratis og inneber ingen form for risiko. Vanlegvis er automatiske oppdateringar aktivert i Windows. Om dei ikkje er det, bør du aktivere dette i kontrollpanelet. Då får du beskjed når det er nye oppdateringar tilgjengelege, og du bør installere dei. Det kan vere irriterane når du får beskjed om dette, men du vil vel ikkje ha ei usikker datamaskin, vil du vel? Dersom du heller vil installere oppdateringane manuelt, så finn du området for Windows Update her. Vi reknar med at dei som køyrer andre variantar kjenner til prosedyrene for sitt operativsystem.

Antivirus

Det går skjeldan meir enn to veker mellom kvar gong vi ser eit virus spreie seg med enorm hastigheit på nettet. Virus og ormar har vorte meir og meir ein del av det daglige nettlivet, og alle som har ein datamaskin kopla til nettet er potensielle offer for ondsinna program.

Difor er det viktig å beskytte seg. Mange heimebrukarar installerer antivirus og trur at dei er beskytta. Det mange ikkje veit er at det er like viktig å oppdatere antivirus-programmet.

Eit nettverk som det vi har på bLAN, er særs utsett for eit virusangrep. Maskinene er tett knytta, og ein deler gjerne filer med kvarandre. I ein slik situasjon spreier virusa seg ekstra fort. Difor har vi påbud om å ha installert antivirus på alle datamaskiner som køyrer Windows.

Vi har fleire gratis alternativ.
Her er eit par antivirusprogram som har gjort det bra i testar:

Brannmur

Ein brannmur er god å ha, for å beskytte seg mot intrengjarar. Dei nyaste Windows versjonane har innebygga brannmur. Denne fungerer greit nok, men kan gjerne byttast ut med produkta nedanfor.

Vi anbefaler ikkje å bruke Norton Internet Security sin brannmur. Denne er vanskeleg i bruk og skaper meir problem enn beskyttelse. Anbefalinga er å avinstallere/deaktivere Norton sin brannmur, og heller bruke alternativa under.

Vi i crew anbefaler desse gratis brannmurane:

Det kan sjølvsagt lønne seg å betale for m.a. ZoneAlarm Internet Security Suite, som er ein komplett pakke med verktøy for å beskytte datamaskina di.

Anti Spyware

Om du er ein aktiv internettbrukar og/eller lastar ned gratis-programvare eller shareware, er det nesten garantert at datamaskina di har fått installert fleire spyware program.

Denne typen program overvåker kva nettsider du vitjar og bruker dette til å sende deg meir målretta reklame. Programma vert ofte brukt til å sprette opp vindu med annonsar, eller til å kidnappe nettlesaren din og styrer gjerne søk og enkelte sidevisningar. Programma pleier også å ta opp ein god del systemressursar.

Her er eit par solide anti-spyware program som crewet anbefaler:

Backup

Om alt skulle gå gale, er det veldig dumt av deg å ikkje ha backup av dei kjæraste filene dine. Du kan brenne dei ut på CDar eller DVDar, eller kanskje legge dei inn på ein ekstern harddisk. Men om du er veldig glad i filene dine, er ikkje det nødvendigvis nok. Alt som skjer då, er at du mistar TO kopiar av filene dine når huset ditt brenn ned. Du finn fleire løysningar kor du kan laste opp filene dine på internett, både gratis, og som du må betale for. Det spørs kor høgt du verdset dei uerstattelige bileta dine, eller andre filer.

Ei fin tjeneste du kan gjere det på er:

Andre nyttige program

Der er eit stort utvalg gratisprogram på internett. Når du lastar ned og installerer shareware/freeware må du hugse på at du oftast ikkje treng å installere dei tilleggsprogramma som fylgjer med, som toolbar frå m.a allerinternett eller yahoo, eller anna programvare frå Gator eller liknande. Prøv først å hake vekk for slike for å sjå om du får installert programmet du har lyst på. Om det ikkje går, finnast det alltid betre alternativ der ute, utan desse tilleggsprogramma. Berre hugs å les dialogane under installasjonen. Ikkje berre klikk neste!

Her er ei liste over nokre av dei mest nyttige gratisprogramma:

  • Adobe Reader - Les PDF filer, eit format som ofte vert brukt til publikasjonar på internett.
  • Java Runtime Enviroment - Trengs for å kjøre java-applikasjonar. Mykje brukt til ting som skal støtte fleire OS.
  • FireFox - Prisvinnande nestegenerasjons nettlesar. Ein fullverdig forsmak på framtidas nettlesar frå Mozilla. Kraftig, men samstundes enkel å bruke. Firefox har allereie rokke å verte favorittnettlesaren til millionar av nettsurfarar! Under står ei liste over nyttige utvidingar til FireFox. Desse er uvurderlege!
  • Opera - Nestegenerasjons nettlesar. Liten lekker straumlinjeforma nettlesar, utvikla av eit norsk selskap. Mange foretrekk denne framfor FireFox, men eg personleg liker FireFox med utvidingar betre. Om du ikkje har interesse av utvidingar, bør du bruke Opera!
  • K-Lite Mega Codecpack - Ein samling codec'ar. Alt du treng for avspeling og innspeling av video, og litt til. Inneheld Quicktime or RealMedia plugins, i tilleg til alle andre DivX, Xvid og øvrige film codec'ar. Kjem med ein søt liten avspelar med namnet mPlayerClassic, som er ein liten og lett avspelar som spelar av det meste.
  • WinAmp - Musikk avspelaren over alle musikk avspelarar. Held styr på store musikksamlingar, og har eit lass med funksjonar men er framleis den enklaste i bruk som eg veit om.
  • FileZilla - Ein liten og enkel FTP klient. Kjem også i server utgåve. Begge er gratis.
  • MediaMonkey - Eit program til å organisere musikk og video. Har du rot i musikksamlinga di? Bruk dette programmet til å få system! Standard versjonen er gratis.

Utvidingar til FireFox

FireFox har moglegheita å installere utvidingar, som utvidar funksjonaliteten til nettlesaren. Det er nettopp dette som utgjer det lille ekstra i FireFox! Installasjonen er enkel, og utvidingane er enkle i bruk. Følgjande liste er ei samling utvidingar som er særs nyttige. Du må gjerne sjølv utforske utvidingane til FireFox, og finne dei du sjølv liker :D

  • Adblock Plus - Denne utvidinga aleine gjer FireFox til den beste nettlesaren. Den blokkerer reklame frå vevsidene du vitjar. For at denne utvidinga skal verke optimalt, bør du installere "Filterset G" som ligg to punkt lenger nede i lista. Utan den må du lage eigne reklame-filter.
  • Adblock - Denne utvidinga aleine gjer FireFox til den beste nettlesaren. Den blokkerer reklame frå vevsidene du vitjar. For at denne utvidinga skal verke optimalt, bør du installere "Filterset G" som er neste punkt i lista. Utan den må du lage eigne reklame-filter.
  • Adblock Filterset.G Updater - Eit filter som brukast saman med Adblock eller Adblock Plus. Eit must for alle som er irritert på reklame (sjå vg.no for å forstå kva vi meiner med irriterande reklame)
  • Extended Cookie Manager - Lei av å ikkje ha kontroll over kva informasjon som vert samla om dine internett-vanar? Bruk denne utvidinga til å få meir kontroll over kva informasjonskapslar vevsidene får lov til å setje.
  • NoScript - Gjer at sidene du vitjar ikkje får kjøyre script før du tillet dette. Dette verkar som ein sikkerheitsmekanisme mot uventa handlingar. Nokre sider bruker script for å utforme vevsida, medan andre bruker dette til ondsinna aktivitet. Om ei side du stolar på, ikkje verkar som den skal når du bruker denne utvidinga, er det berre eit museklikk unna å la sida oppføre seg som normalt.
  • IE Tab - Enkelte vevsider er rett og slett berre laga for Internet Explorer. Slike fungerer ofte dårlig i FireFox. IE Tab er løysinga. Utvidinga gjer at du kan opne den aktive vevsida i Internet Explorer, utan å forlate FireFox. Den rett og slett støyper IE inn i ein tab, enkelt og greit!
  • Google Preview - Viser eit ikon for (nesten) alle resultata i eit google-søk. Nokre vevsider er det endå ikkje laga ikon for. Eit must for deg som søker mykje på google :)

Kommentar

Det er ikkje heilt umogleg at denne lista vert oppdatert etter kvart som vi i crew kjem på nye nyttige ting å ta med. Har du tips til program som bør vere med på lista, så ta kontakt.