Som foreldre lurer de gjerne på om det er trygt å sende dykkar son/dotter på datatreff. Svaret er JA!
BLAN er eit sosialt treff, der folk med forskjellig grad av interesse for data møtast. Erfaringane våre tilseier at vi får frå 100-150 deltakarar, frå 12 til 20 år,
Der aldersgruppa som dominerer er rundt 16 år. Vi har ikkje noko nedre aldersgrense men vi anbefalar ikkje at yngre deltakarar (10-13år?) er tilstades heile døgnet. Det går ofte 'sport' i og vere opp lengst mogleg, så det kan vere ein fordel å få dei unge håpefulle heim eit par timar i døgnet slik at dei vert utkvilte.
Datapartyet er eit rusfritt arrangement med sterk fokus på at alle skal trivast heile helga.
bLAN blir arrangert av ein gjeng ildsjeler som legg ned mange timar jobb før, under og etter arrangementet. Vi treng hjelp frå vaksne personar til enkle oppgåver som rydding, nedrigging og vakthald. Har du moglegheit og føler deg kalla til å bidra, ta kontakt. Treng du meir info eller ynskjer å melde deg til tjeneste? Kontakt Vegar Sårheim (93 00 93 83).