Counter Strike 1.6

Counter Strike 1.6

Double Elimination system.

  1. Players er oppdatert med setting for rates som blir angitt lenger nede.
  2. HLTV demo'er sjekk HLTV
  3. CHEAT ulovleg!
  4. mp_fadetoblack til 1
  5. mp_forcecamera til 2
  6. sv_allowdownload til 1
  7. sv_allowupload til 1
  8. sv_maxrate til 25000

Det skal spelast mr15 til kvar tid.

Servere.

Blan 2009 stiller med 2 eller 4 tenarar på dette LANet.
Desse tenarane skal nyttast av alle, ingen skal spele compo på private
tenarar. Dersom eit lag nektar å spele på ein av Blan sine tenarar, vert det
walkover med seier til det andre laget, etter 10 minutt.

Vi tek imot tips og hint om forbetringar av tenaren, men tenaren skal brukast,
uavhengig av om vi gjer bruk av dei tips vi får.

Følgjande innstillingar vil vi bruke

  • mp_autokick 0
  • mp_autocrosshair 0
  • mp_autoteambalance 0
  • mp_buytime .25
  • mp_consistency 1
  • mp_c4timer 35
  • mp_fadetoblack 1
  • mp_falldamage 0
  • mp_flashlight 1
  • mp_forcecamera 2
  • mp_friendlyfire 1
  • mp_freezetime 10
  • mp_fraglimit 0
  • mp_hostagepenalty 0
  • mp_limitteams 6
  • mp_roundtime 1.75
  • mp_startmoney 800
  • mp_timelimit 0
  • mp_tkpunish 0
  • mp_winlimit 0
  • pausable 1
  • sv_aim 0
  • sv_airaccelerate 10
  • sv_airmove 1
  • sv_allowdownload 1
  • sv_allowupload 1
  • sv_cheats 0
  • sv_gravity 800
  • sv_maxrate 25000
  • sv_maxspeed 320
  • sv_maxupdaterate 101
  • sys_ticrate 10000
  • decalfrequency 60
  • edgefriction 2
  • Server error:

    • Om ein tenar skulle låse seg eller få feil før 3 runder er unnagjort, skal
      tenaren restartasts og stillinga skal settjast tilbake til 0-0.
    • Om ein tenar skulle få feil etter 3. runde, skal tenaren startast på ny, og det
      skal spelast frå den score som var i byrjinga av runden. mp_startmoney skal
      settjast til 4500.
    • Laga har lov til å krevje bytte til ein annan av BLAN sine tenarar. Då skal ein
      av spelarane kontakte admin på vegne av alle spelarar, og forklare situasjonen.

    Cheat

    Det er ulovleg med alle former for cheat/juks o.l
    I cheat legg vi noko som kan gi deg ein fordel i forhold til andre spelarar,
    som produsenten av spelet ikkje hadde forutsett.

    Til dømes skal alle bruke 32bits-fargar, sidan ein ved å nytte 16bits
    fargedjubde ser lettare gjennom røyk i spelet.

    For å sjekke dette, kan du gå inn på Options/Video/Color
    Quality
    som då skal stå på 32 bits.

    Powerstrip og andre måtar å justere lysstyrken er ikkje tillete. Crew kan
    sjekke for slikt ved mistanke.

    ALLE FORMER FOR JUKS FØRER TIL DISKVALIFIKASJON
    HLTV:

    HLTV vert nytta i ønska kampar. Målet er å ha HLTV-stream på semifinalar, og
    finale. Forseinking (delay) vil verte sett til 150 sekund.

    HLTV kan også nyttast i andre kampar, også då med delay 150 sekund. Crew på
    blan kan krevje å få sett inn HLTV, for å gjere kampen tilgjengeleg for alle.

    Vi tek oss også retten til å publisere HLTV-stream på internett, anten gjennom
    stream, eller som videofil på blan.no, med
    mindre deltakarane i dei einskilde kampane reserverer seg mot dette. Det er

    ikkje mogeleg å reservere seg mot at HLTV vert spreidd på blan sitt
    interne nettverk.

    Kamp-informasjon
    Spelarar:
    Dette er minimum-rates de skal spele med:

    • cl_cmdrate 80
    • cl_updaterate 80
    • rate 20000
    • Det skal spelast 5on5. Dersom eit av laga ikkje har dei 5 spelarane innen
      walkover-time, vil kampen gå til walkover.
      Walkover-tida er sett til 15 minutt, etter opprinneleg kampstart.

      Reserve-spelarar/spelar-bytte

      Det er høve til å bytte spelarar undervegs. Det skal meldast til crew seinast
      30 minutt før kampen byrjar, og vedkommande kan ikkje ha spelt for andre lag
      tidligare i compoen, og kan som følge av denne regelen ikkje spele for andre
      lag seinare i compoen.

      Reglar
      Alle på laget har eit ansvar for at alle andre har lese og forstått desse
      reglane. Å ikkje ha lese reglane er ikkje ei orsaking for å ha brote
      dei. Reaksjonen frå BLAN vert samme uansett.

      Undervegs i spelet
      Screenshots

      Alle clan-leiarar eller lag-leiarar må ta screenshot kvar halve runde og når
      runden er over for å kunne bevise score i etterkant. Dersom slike ikkje finst,
      vil det vere opp til crew å avgjere resultat i tvilstilfelle, og då vil særleg
      crew som har sett kampen få stor innverknad.

      Models og skins

      Alle lag skal nytte standard model og skins. Ingen FPS-models er tilletne. Brot
      på dette vil føre til walkover. Våpen-models skal vere nytta, og
      r_drawviewmodel skal vere sett til 1. Igjen; brot på desse reglane vil føre til
      diskvalifikasjon.
      Demoer
      HLTV vil ta opp demo. Spelarar kan sjølv velje om dei vil ta opp demo med
      mindre crew eller motspelarar krev demo av enkeltpersonar. Om crew eller
      motspelarar krev demo, skal demo overrekkjast ved slutten på kampen. Manglande
      demo vil verte sett på som regelbrot, og føre til walkover.

      Sportsligheit

      * Alle deltakarar i CS-compoen skal vise god sporstlegheit. I dette legg vi at
      uhøfleg språkbruk i say, uhøfleg behandling o.l er heilt uakseptabelt.
      Ein skal også vise god sportsånd når det gjeld desse reglane. Det er heller
      ikkje lov å kalle motstandardane stygge ting i spelet. Slikt kan føre til walkover, walkover i dette tilfelle vert vurdert av compo-ansvarleg, der det vert lagt til grunn koffor dette skjedde. Men gjentaking av uhøflegheit vert walkover.

      Kommandoar
      Dei kommandoene som ikkje er lovlige er:

      • developer 1
      • cl_bob 1
      • cl_bobup 1
      • gl_picmip 1 to 3

      Admin

      Om admin har lyst til å spectate en kamp, skal dette gjerast mogeleg.

      Uavgjort

      Om det vert uavgjort i en match (15-15) så skal det spelast MR3 til ein vinner
      kan utropast. Ein startar då med 800$.

      Pre-Match/Pause

      Laga skal vere klare på tenaren dei har fått tildelt i god tid før kampen
      startar. Det vil i praksis sei minimum 15 minutt før kampen skal starte ifølge
      kampoppsett.
      Etter første 15 runder er over, så har laga krav på 5 minutt pause

      Rapportere score
      EIN spelar frå kvart lag skal gi beskjed til admin om score og vinnar, til
      aktiv admin. Om admin krev det, skal dette underbyggjast med screenshot, demo,
      o.l

      Bombe-planting

      Det er høve til å plante alle plassar på brettet. Boost-planting er lovleg så
      lenge det ikkje er silent-plant. Silent plant er ulovleg.
      Bomba må kunne defusast sjølv med berre ein spelar igjen.
      Brot på dette blir:

      1. Blir advarsel, eventuelt trekk i score.
      2. Blir diskvalifikasjon.
      3. Boosting

        Det er lov å booste når og kor ein vil, så lenge dette ikkje vert gjort på ein
        slik måte at du utnyttar feil og manglar på brettet, til dømes sjå over veggar
        o.l. Vert slik utnytting oppdaga, vil det føre til walkover.
        All utnytting av feil på brett vil føre til walkover!

        Player drops

        Om ein spelar droppar ut av tenaren så skal det laget som har mist ein spelar
        melde ifrå til andre laget, samt be om pause i spelet.
        Så snart spelaren eller ein reserve er klar skal spelet fortsettje.
        Det skal ikkje takast meir enn 5 minutt pause.
        Pausen skal takast mens buy-time går i neste runde.

        Generell informasjon
        Utan bevis, er det ingen regelbrot. Vi må ha bevis på alle regelbrot for å
        kunne felle ein dom. Om det vert diskusjon om regelbrot, og det ikkje vert ført
        bevis, skal det oversjåast, og ikkje reknast som regelbrot. Merk at det crew
        har sett sjølv, kan verte regna som bevis.

        Følgjande maps vil verte nytta:

        • de_cpl_mill
        • de_dust2
        • de_inferno
        • de_nuke
        • de_train
        • Walkover
          Dei som vinn på walkover går viare med 10 runder i wins, om det vert
          gruppespel
          Bevis

          Admin kan krevje å sjå screenshot/demo når som helst. Difor skal slike bevis
          takast vare på, inntil BLAN 2006 er offisielt over, med andre ord 14:00 søndag.
          Spelar frå motsett lag kan også krevje å få sjå demo/screenshot.

          Regelbrot
          Ved mistanke om regelbrot, vil admin stå fritt til å settje ei straff for
          det laget. Straffa kan vere frå 1 runde mindre, eller diskvalifikasjon frå
          blan2006 compo.

          Siste ord

          Blan kan endre desse reglane fram til 1 veke før LANet startar. Det er difor
          anbefalt å sjekke desse reglane tett opp til LANet.