Ny på bLAN? Då kan det jo vere fint å få litt info inn med teskjei. Vi kallar denne sida for bLAN n00b info, og håpar at den kan vere til hjelp for alle.. Jah... n00bs der ute! 
Her er nokon spørsmål du må svare på før du går vidare. Svarer du ja på eit eller fleire av spørsmåla, so fortsett å les.
- Likar du å spele dataspel / konsollspel?
- Likar du å lære nye ting om data?
- Likar du å vere sosial?
Kva med å gjere alt dette på same tid? Ei heil langhelg i vinter- og haustferien, er det samla rundt 200 speleglade og sosiale ungdomar i Breimshallen til Sogn og Fjordane sitt største og eldste data-party. Her er skjer det mykje, alt i frå diverse compoar framfor skjermen (konkurransar altså), til bordtennisturnering og filmframvising 24 timar i døgnet. Noko for ein kvar smak!
Vi har sjølvsagt dei vanlege compoane, som Counter Strike Source (CSS), Trackmania Starcraft 2, Heroes of Newerth (HON) og League of Legends (LOL) for PC og FIFA / COD MW3 for konsoll. Vidare har vi dei litt uvanlege bLAN-tradisjonane, som f.eks. “Kast ein ... så langt du klarer”. Tidlegare år har det vore kasta harddiskar, laptopar, strømforsyningar og andre datarelaterte greier som du vanlegvis ikkje kastar langt, eller ikkje pleier å kaste rundt på i det heiletatt.

På bLAN er det også mulighet for å lære. CREW er veldig datakompetente, og deler gjerne ut den kunnskapen dei har og hjelper deg gladlig om du har problem med dataen.
Akkurat som på mange andre stader der det samlast mange ungdommar, er det også nokon reglar. Det er lurt å lese igjennom desse før du evt. pakkar baggen for å reise. Du kan lese reglane her. Og dersom du har foreldre som er nyskjerrige på kva dette er, kan du vise dei denne sida.
Dersom du lurer på korleis det ser ut i salen og korleis arrangementet ellers går føre seg, sjekk ut desse bileta. Du kan også snakke med CREW eller andre medlem på forumet.
Dersom dette verkar intressant, er du utan tvil ein bLAN-person. Vi anbefalar deg å få med vennegjengen og ta turen på bLAN. Sjåast i hallen!

Av Nina Erviksæter - forfattar av " Ein blogg ".