Sogn og Fjordane sitt største dataparty!

Om bLAN

 

bLAN, kort for Breim LAN, er det største og eldste datatreffet i fylket. Det vert arrangert i Breimshallen i Breim, som ligg sentralt ved E39, slik at det er liett å kome seg dit både med privatbil og buss frå heile fylket. Vi arrangerer to gongar i året, haustferie og vinterferie. Kvart einaste år heilt sidan 1999 har det vore lagt ned utallige timar i frivillig arbeid i samband med arrangementa. Arrangørgruppa består av lokal ungdom med brennande interesse for data, som har eit stort ønske om å kunne gje andre ungdomar eit tilbod der dei kan utøve sine fantastiske fritidsinteresser.

 

På fylkesbasis er vi i særklasse, og har i mange år vore det største og mest ettertrakta datatreffet i heile Sogn og Fjordane. Kvar gong samlar vi rundt 200 ungdomar til ei helg litt utanom det vanlege, der dei kan slå seg laus med sine interesser for data på alle plan. Hovudgruppa av deltakarar er frå Nordfjord, men folk frå Molde såvel som folk frå Breim og Sandane vender tilbake år etter år. Det vert helde både konkurransar, kurs og foredrag. Vi legg også til rette for at dei som ikkje tek med seg datamaskin skal ha det kjekt, og på denne måten har vi blitt ein sosial møteplass for ungdom generelt, uansett interesse. Kort sagt – her er det noko for alle!

 

bLAN er eit rusfritt arrangement med fokus på at alle skal trivast. Vi tilbyr ungdomen ein trygg, engasjerande, sosial og lærerik arena. Etter 12 år i gamet er vi svært godt etablert, og framtidsmålet vårt er å utvide ytterlegare. Vi ønsker å bli eit attraktivt datatreff også utanfor fylket.

Vis blan i et større kart


Vis blan i et større kart