bLAN 2017 Vinter

17.-19. februar - Breimshallen, Sogn og Fjordane

Virtual Reality kjem til bygda!

Elkjøp Sogn har sponsa vinterarrangementet med det som er spådd å bli eitt av dei store teknologiprodukta i år, nemleg HTC Vive. Alle er velkomne til å kome og prøve, også dei som ikkje deltek på sjølve bLAN. Første helga i vinterferien er det det altså ingen skam å vere litt «virkelighetsfjern» :) 

For dei som ikkje kjenner så godt til denne typen utstyr, kan vi fortelje at den blir brukt til å oppleve den digitale verden på ein heilt ny måte. Ved hjelp av videobriller (gjerne kombinert med eit headset for lyd), to kontroller og to sensorar får du følelsen av å vere ein del av det du har på skjermen. Denne teknologien er venta å slå gjennom i år, og vil antageleg bli meir og meir vanleg i åra som kjem. Teknologien er ypperlig til speling, men har òg andre bruksområde. Kanskje bruker du dette i framtida når du skal kjøpe deg bustad, slik at du kan «besøke» den før den allereie er bygd.

Lurer du på korleis Vive ser ut i bruk? Trykk her.

Vi håpar å treffe deg i Breimshallen neste helg!
 

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close