bLAN 2018 Haust

5. - 8. oktober - Breimshallen, Gloppen

Aktivitetar og tilbod på bLAN 2018 Vinter

Sjølv om vi satsar litt meir på turneringar som CS i år (10 000 til førsteplass!), er det viktig å hugse på at vi først og fremst er ein festival der avslappa og god stemning står i sentrum. For å halde på dette vil det som vanleg vere mange artige innslag og konkurransar, både på og utanfor scena. Vi vil ikkje avsløre alt, men kan love ei rekke nye og artige konkurransar på scena, i tillegg til dei gode gamle som chili-eting, kastekonkurranse og generell overtrøtt galskap. Og det vert sjølvsagt premiar!

 

I tillegg til dette kan vi by på eit variert aktivitetstilbod med mykje moro som blir tilgjengeleg heile helga. Vi veit at VR har vore eit populært innslag, og har som mål å gjenta suksessen denne gangen òg. I tillegg vil det vere aktivitetar som:

  • biljard

  • bordtennis

  • bordfotball

  • dart

  • to TV’ar til FIFA, filmvisning og youtubefun

  • sjakk (vi har kjøpt sjakklokke!)

  • diverse andre brettspel


Mykje å vere med på altså, og då treng ein også ein matbit og noko å drikke. I kiosken kan vi freiste med eit breitt utval varer, i tillegg til toast og pizza. Nytt av året er at vi tilbyr frukostbuffet! Dette vert det informert meir om under arrangementet.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close