bLAN 2018 Haust

5. - 8. oktober - Breimshallen, Gloppen

Sommarsalg på billettar


Vi kan med glede meddele at billettsalet til bLAN 2018 haust har starta, og vi feirar årets storsatsing med sommarsalg og reduserte prisar i heile juli! Billettar får du kjøpt på https://www.geekevents.org/blan18h/shop/#/. Forklaring og prisar på dei ulike bilettane, samt rettleiing til korleis du kjøper billett, finn du på denne sida.


Følgande reduserte prisar gjeld som sommartilbod i heile juli:

  Hovudsal - 80cm  

     299,-    

  Hovudsal - 100cm         

     399,-

  Gamerlounge

     499,-

  bLAN Super

     199,-

  Matbillett

     199,-


Prisane blir oppjustert 1. august (utanom matbillett som kostar 199,- heile tida). Besøkande kjøper billett i døra, enten 100,- for kvar natt eller 250,- for alle tre nettene. På dagtid er det gratis å komme innom på besøk.

 

Når du kjøper billett er det viktig å passe på at du bestiller rett type:

Hovudsal - 80cm: 299,-
Billett for sitteplass i hovudsalen. Ordinær sitteplass med plass til PC, skjerm, mus og tastatur. Med denne billetten kan du KUN reservere plass på rekkene merka med "Hovudsal - 80cm" på salkartet. Med denne billetten kan du kan IKKJE reserverre plass ved sidan av dei som kjøper "Hovudsal - 100cm". Husk å kjøpe riktig!

Inkluderer:
- inngang til bLAN heile helga
- 80cm brei bordplass
- gratis tilgang til alt av aktivitetstilbod inne
- ei runde gratis paintball
Aldersgrense: 8. klasse og oppover.

 

Hovudsal - 100cm: 399,-
Billett for sitteplass i hovudsalen. Tiltenkt dei som tar med TV og konsoll (Playstation, Xbox o.l.), samt dei som skal game og treng god plass til musematte, større skjerm etc. Med denne billetten kan du KUN reservere plass på rekkene merka med "Hovudsal - 100cm" på salkartet. Med denne billetten kan du kan IKKJE reserverre plass ved sidan av dei som kjøper "Hovudsal - 80cm". Husk å kjøpe riktig!

Inkluderer:
- inngang til bLAN heile helga
- 100cm brei bordplass
- gratis tilgang til alt av aktivitetstilbod inne
- ei runde gratis paintball
Aldersgrense: 8. klasse og oppover.

 

Gamerlounge: 499,-
Billett for sitteplass med PC i vår eigen Gamerlounge i andre etasje i Breimshallen. Dette området er adskilt frå alt støy i hovudsalen, og er tiltenkt deg som skal delta i turneringar, eller som berre vil game og ha det rolig og avslappa rundt seg på LAN. Med denne billetten kan du KUN reservere plass på rekkene merka med "Gamerlounge" på salkartet. Med denne billetten kan du IKKJE reservere ved sidan av dei som kjøper "Hovudsal - 80/100cm". Husk å kjøpe riktig! Meir info om Gamerlounge finn du under "Om bLAN" i menyen.

Inkluderer:
- inngang til bLAN heile helga
- 100cm brei bordplass
- stol med mjuk og god pute i sete og rygg
- stille og rolig miljø
- sofakrok for avslapping
- servering av gratis kaffi og snacks
- kjøleskap til medbrakt drikke
- gratis tilgang til alt av aktivitetstilbod inne
- ei runde gratis paintball
Aldersgrense: 8. klasse og oppover.

 

bLAN Super: 199,-
Billett KUN for deltakarar som går i 5.-7. klasse på barneskulen. "Super" er eit avgrensa og aldersbestemt tilbod på dagtid, denne gongen i eit oppvarma telt rett utanfor hallen. Meir info om Super finn du under "Om bLAN" i menyen.

Inkluderer:
- 80cm brei bordplass
- gratis tilgang til alt av aktivitetstilbod inne
- middag lørdag og søndag

 

Matbillett: 199,-
Matbillett sikrar deg god og sunn mat gjennom heile festivalen. Kan kjøpast i tillegg til alle typar billett (utanom bLAN Super der middag laurdag og søndag er inkludert i deltakarbilletten).

Inkluderer:
- frukostbuffet lørdag, søndag og mandag
- middag lørdag og søndag


 

Korleis bestille billett

bLAN nyttar billettsystemet Geekevents til førehandssal av billettar.

  1. Registrer ein brukar på Geekevents.
  2. Gå til butikksida til bLAN på Geekevents.
  3. Velg billettane du skal ha og trykk “fortsett”.
          - velg betalingsmetode og bekreft ordren. 

Som nemnd er det førehandsbetaling av billettar over nettet. Vi forstår at dette kan vere litt problematisk for dei yngste deltakarane som ikkje har nettbank eller bankkort med kortnummer. Vi gir deg derfor litt tips til korleis du kan få betalt: 

  • Spør dine foreldre/føresette.
  • Geekevents tilbyr kjøp av opptil 5 billettar per brukar, så dersom du reiser med nokon som har bankkort kan du gjere ein avtale slik at denne personen kjøper for deg. 
  • Kjøp eit Spendon Gavekort. Dette er eit VISA-kort som kan brukast til betaling over nett. Du kan kjøpe det hos blant anna Rema 1000 eller Narvesen. Kortet kostar 39 kr i tillegg til ladesummen. 

 

Vi gjer merksam på at feilkjøpte billettar ikkje vil bli refundert, så pass på å kjøpe riktig type billett.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close