bLAN 2020 Haust

2. - 4. oktober - Breimshallen - Gloppen

Billettar til bLAN 2020 Haust

Endeleg kan du kjøpe billett til årets bLAN - men kun om du bur i Gloppen. For å hindre spredning av smitte kan vi dessverre ikkje ta imot deltakarar frå andre kommunar. Kjøper du billett og kjem frå ein annan kommune, vil du bli avvist i døra, og du får ikkje pengane tilbake.

Billettar får du kjøpt på https://geekevents.org/blan20v2/#/shop. Forklaring på korleis du kjøper billett, kan du lese under her.


Denne gongen har vi kun ein type billett:

  Hovudsal - 100cm         

     400,-   


Ingen besøkande har adgang til årets bLAN - kun dei som har kjøpt plassbillett på førehand slepp inn på arrangementet.

Denne gongen er det kun mulig å bestille ein billett per person. Kvar enkelt deltakar må kjøpe billett med sin eigen konto. Grunna eventuell smittesporing MÅ kontoen vere oppretta i deltakaren sitt namn. For å få kjøpe billett må ein sende inn "søknad" der ein bekreftar å ha bustadsadresse i Gloppen kommune. Denne søknaden er innebygd i billettsystemet, og kjem opp når du skal kjøpe billett. Når søknaden er godkjent vil du få tilgang til betaling og plassreservering.

 

Korleis bestille billett

bLAN nyttar billettsystemet Geekevents til førehandssal av billettar.

  1. Registrer ein brukar på Geekevents.
  2. Gå til butikksida til bLAN på Geekevents.
  3. Velg billettane du skal ha og trykk “fortsett”.
  4. Søknaden kjem til syne - svar med informasjonen den ber om.
          - vi behandlar søknadar fortløpande, og du vil få varsel på epost når den er godkjent.
  5. Når søknaden er godkjent kan du velge betalingsmetode og bekrefte ordren. 

Som nemnd er det førehandsbetaling av billettar over nettet. Vi forstår at dette kan vere litt problematisk for dei yngste deltakarane som ikkje har nettbank eller bankkort med kortnummer. Vi gir deg derfor litt tips til korleis du kan få betalt: 

  • Spør dine foreldre/føresette.
  • Kjøp eit Spendon Gavekort. Dette er eit VISA-kort som kan brukast til betaling over nett. Du kan kjøpe det hos blant anna Rema 1000 eller Narvesen. Kortet kostar 39 kr i tillegg til ladesummen. 

 

Vi gjer merksam på at årets arrangement kan bli kan bli avlyst/avslutta på kort varsel dersom smitteforholda endrar seg. Ingen billettar vert refundert for bLAN 2020 Haust, uansett årsak.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close