bLAN 2018 Haust

5. - 8. oktober - Breimshallen, Gloppen

bLAN 2018 Haust: Battle Royale


Folkens, we’re back! Og denne annonseringa kjem til å gjere veldig mange VELDIG glade.


bLAN er som alltid på plass i haustferien.  Årets festival vert lagt til første helga, og ikkje nok med det, vi går tilbake til tre netter! Datoen er 5.-8. oktober, og det blir fantastisk stemning frå fredags ettermiddag til mandags morgon. I tillegg hentar vi inn igjen det som kanskje er det mest populære tilbodet i bLAN si historie; GAMERLOUNGE! For å feire alt dette har vi sommarsalg med reduserte prisar på alle billettar i heile juli! Meir info om billettar og prisar finn du ved å trykke her.

 

E-sport: saftige premiar og stor Fortnite-satsing

Men det stoppar ikkje der - samla premiepott for turneringane på årets festival er på heile 70.000 norske kroner! At storsatsinga denne gongen er Fortnite kjem kanskje ikkje som noko overrasking, men at premien til Fortnite-turneringa åleine vil vere på heftige 50.000 kr hadde nok ingen sett komme. Vidare vil premiepotten for CS:GO vere på 15.000 kr, og denne gongen spanderar vi faktisk 5.000 kr på League of Legends også. Resten av turneringane, samt fordeling av premiepottane, vil bli annonsert etter kvart.

Akkurat som i vinter er vi så heldige å få besøk av StreamTeam frå Solborg FHS! Det betyr at heile bLAN blir streama og turneringane blir kommentert og sendt direkte på nett.

Støy i hovudsalen blir ikkje noko problem, då lydnivået på musikken vil vere lavt under dei store turneringane. Utanom turneringane vil musikken stort sett holde eit moderat volum, men det kan bli skrudd opp i periodar for å skape liv og god stemning. Dersom du vil ha det heilt stille rundt deg må du kjøpe billett til Gamerlounge.

 

Gamerlounge er tilbake!

Med ei slik satsing på e-sport vil sjølvsagt Gamerlounge igjen vere ein del tilbodet,  noko som har vore svært populært tidligare. Gamerlounge finn stad i ein eigen sal i andre etasje i Breimshallen, adskilt frå all støy frå hovudsalen. Denne billetten er tiltenkt deg som skal delta i turneringar, eller som berre vil game og ha det stille og rolig rundt seg på LAN. Meir info om Gamerlounge finn du under “Om bLAN” i menyen over, eller ved å trykke her.

 

bLAN Super

Dette unike tilbodet for dei som går i 5.-7. klasse på barneskulen blir sjølvsagt vidareført. Meir info om Super finn du under “Om bLAN” i menyen, eller ved å trykke her.

 

Mat og søvn er viktig

Denne gongen slår vi eit slag for godt kosthald, og innfører ein eigen matbillett. Denne inkluderar tre frukostbuffetar (lørdag, søndag, mandag) og to middagar (lørdag, søndag). Billetten kostar 199kr og kan kjøpast i Geekevents samtidig som du kjøper din deltakarbillett. (NB: Deltakarar på bLAN Super treng ikkje å kjøpe matbillett, då middag lørdag og søndag er inkludert). Søvn er også viktig for å halde det gåande i tre netter. Vi jobbar med eit komfortabelt og praktisk sovetilbod som vil bli annonsert snart.

 

Aktivitetar og underhaldning

I haustferien i fjor va paintball eit svært populært tilbod, og dette er sjølvsagt noko vi vil vidareføre. Det blir bygd bane på grusplassen utanfor, og alle som kjøper deltakarbillett får ei gratis runde inkludert i prisen. Vidare jobbar vi med fleire spennande aktivitetar til uteområdet rundt hallen. Her er det viktig å presisere at du ikkje må vere deltakar på bLAN for å få vere med på det som skjer ute på dagtid. Både paintball og dei andre aktivitetane blir ope for alle som vil kome innom og bli med på moroa.

Forresten, nemnte vi at Henrik “Bjerka” er tilbake? Godguten frå Florø er endelig på plass i bLAN Crew igjen, og det er vi veldig glade for. Han kjem saman med dei andre i underhaldningsgruppa til å sørge for god stemning både på scena og i salen ellers. HYPE. Ellers kjem vi som alltid til å ha eit variert aktivitetstilbod som blir tilgjengeleg heile helga for alle som deltek. Her kan vi mellom anna nemne brettspel, biljard, bordtennis og VR.

Er du ekstra heldig får du kanskje eit lite glimt av Tech-Bendik òg ;)

 

Følg med her, på Facebook og Snapchat for oppdateringar i tida framover.

 

Vi gjer merksam på at annonserte premiar kan bli endra/redusert dersom billettsalet går dårlig eller interessa er lav.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close