bLAN 2018 Haust

5. - 8. oktober - Breimshallen, Gloppen

Informasjon om bLAN 2018 vinter

«It’s the most wonderful time of the yeaaaar….» Det var nettopp jul, men no snakkar vi sjølvsagt om annonseringa av neste bLAN! Etter fjorårets store suksess med to smekkfulle og svært vellykka festivalar, er vi supergira på å endeleg kunne invitere til vinterens ungdomsfestival i Breimshallen i Gloppen. Her kjem ei oversikt over kva som er verdt å vite.

 

For at alle skal få mest mogleg ut av festivalen har vi valgt å flytte bLAN frå første til siste helga i vinterferien. Det vil seie at datoen denne gongen er 23.-25. februar. Dette gjer at vi kan opne dørene klokka 10:00 fredag morgon, slik at du som deltakar får ein heil dag ekstra på bLAN! Sidan vi tidlegare har brukt skuleveka før ferien til å rigge opp til bLAN, har det blitt ei utfordring for folk i crew å ta seg fri til opprigg og førebuingar. På denne måten blir det mykje enklare for oss å arrangere og holde kvaliteten på topp.

 

Vi kjem som vanleg til å ha fokus på å lage god stemning under festivalen, og å sette saman eit best mogleg program for deg som deltakar. Det vil for eksempel seie konkurransar og turneringar – både forran skjerm og på scena. Meir info om dette kjem i eit seinare innlegg.

 

Etter tilbakemelding om for høgt musikkvolum under forrige bLAN, kjem vi no til å ha eit generelt lågare lydnivå i hovudsalen - og heller spele høgare musikk til bestemte, avgrensa tider. Vi vil understreke at musikken blir slått heilt av under dei store turneringane. I tillegg får vi besøk av eit streaming-crew, og skal satse mykje større på streaming og casting av turneringane. Dette vil vi også publisere info om i tida som kjem.

 

Forrige festival prøvde vi oss på noko nytt, nemleg bLAN Super, som er eit eige opplegg for ungar i 5.-7. klasse. Med gode tilbakemeldingar og alle billettane utsolgt var dette ein stor suksess. Som med alle suksessar er det dumt å seie stopp, så vi kjem til å halde fram med bLAN Super på komande festival. Det blir fleire plassar og meir opplegg, og vi håper at så mange som mogeleg ønskjer å kome. Vi kjem til å skrive om bLAN Super om ikkje så lenge, der vi gir godt med informasjon til både deltakarar og foreldre.

 

Vi gler oss til ei heidundrandes helg i Breimshallen, og håpar akkurat DU kjem på besøk!

 

Følg med her, på Facebook og Snapchat (breimlan) for oppdateringar utover dagen og i tida framover. 

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close