bLAN 2017 Haust

6.-8. oktober - Breimshallen, Sogn og Fjordane

Informasjon om årets arrangement

Snart haustferie og tid for bLAN! 6.-8. oktober opnar vi igjen dørene til Breimshallen i Gloppen for ungdomsfestival og fylkets største dataparty. bLAN 2017 haust blir i utgangspunktet ganske likt slik som det var i vinter, der vi alt i alt endte med eit svært bra arrangement med knallbra stemning heile helga. Difor vil vi halde fram med å gjere ting på samme måte. I tillegg gjer vi litt endringar her og der, og skal tilby ein del nytt. 

Aktivitetstilbod
Denne gongen kan vi freiste med eit mykje større og meir spennande aktivitetstilbod enn tidligare. Vi jobbar kontinuerlig med å utarbeide dette, og nærare informasjon vil kome etter kvart som ting vert planlagt. Men, vi kan allereie no tease med stikkord som utandørs paintballbane og VR-utstyr!

Gaming, turneringar og musikk/støy
Vi legg opp til eit tidsskjema der dei største turneringane blir holdt på dag- og kveldstid. Det vil ikkje under nokon omstendigheit bli spelt høg musikk frå scena so lenge det pågår kampar i våre offisielle turneringar der lyd eller kommunikasjon er av betydning. Turneringsoppsett kjem seinare.

Aldersgrense
Nytt denne gongen er at vi innfører aldersgrense på å sitte i hovudsalen, samt å vere til stades om natta. Hovudsalen er no aldersbegrensa til 8. klasse og oppover. Altså, du må minimum ha byrja på ungdomsskulen. bLAN har alltid vakter til stades i hallen, men vi har bestemt at vi ikkje kan ha ansvar for at dei som går på barneskulen tek vare på seg døgnet rundt. Då vil vi heller til by bLAN super!

bLAN super
I tett samanheng med innføring av aldersgrense på hovudsalbillettar, startar vi eit avgrensa og aldersbestemt tilbod for deltakarar i alderen 5.-7. klasse, kalt bLAN super. Her får dei eldste på barneskulen sjansen til å oppleve bLAN gjennom eit tilpassa opplegg på dag- og kveldstid. Her kan du, akkurat som i hovudsalen, velge sjølv om du vil ha med deg datamaskin/konsoll/liknande, eller berre vere besøkande for sosialt opplegg og aktivitetar saman med dei andre som er der. Her vil vi i større grad enn ellers legge opp til organisert aktivitet med tett oppfølging frå både vakter og crew. Tilbodet har eigne billettar i nettbutikken på geekevents, tydeleg merka. Meir informasjon om dette kjem snart på nett, samt i skulesekken til alle 5.-7.-klassingar i heile Gloppen.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close