bLAN 2017 Haust

6.-8. oktober - Breimshallen, Sogn og Fjordane

Nyheit: bLAN Super


For å legge betre til rette for dei yngste i målgruppa vår, har vi utvikla ein ny og spennande arena vi kallar for bLAN super. Her tilbyr vi eit avgrensa og tilpassa opplegg for deltakarar i alderen 5.-7. klasse, både med og utan interesse for data, på dag- og kveldstid under bLAN.


Litt om opplegget
bLAN super skal vere ein aktiv, trygg og inkluderande del av festivalen vår. Opplegget finn stad i 2. etasje i Breimshallen, og er såleis litt avgrensa frå hovudsalen og resten av arrangementet. Denne aldersgruppa bør ikkje vere til stades om natta, og vi har valgt å løyse dette ved å avslutte klokka 10 kvar kveld. Det vil vere vakter med tilsynsansvar til stades heile tida, og vi kjem ikkje til å tillate tydelig blodige og voldelige dataspel som er upassande for aldersgruppa. Ja, det er trygt å sende dei unge håpefulle på bLAN!


To billettypar - noko for alle
bLAN er både eit dataparty og ein ungdomsfestival, og vi legg vekt på at dette skal vere sosialt og kjekt for alle, ikkje berre dei datainteresserte. Vi tilbyr difor to ulike billettypar; med og utan sitteplass. Billett med sitteplass er for dei som vil ta med eiga datamaskin eller konsoll for å spele på. Billett utan sitteplass er for dei som ikkje nødvendigvis er veldig interesserte i data og speling, men som vil ta del i eit spennande og sosialt arrangement med variert aktivitetsopplegg saman med vennane sine.
 

Aktivitetar
Vi legg opp til aktive dagar med felles organisert aktivitet i regi av bLAN crew, der fokuset er at alle skal trivast. Det blir opplegg både ute og inne, alt frå lysblink, fotball og spark på boks til mini-kino og VR-teknologi, samt diverse andre leikar og konkurransar. I tillegg til alt dette vil vi holde eit lite kurs i nettvett for alle deltakarar.


Matservering
Billetten inkluderar matservering begge dagane, der alle får seg eit godt måltid i kveldinga. I tillegg til dette har deltakarane tilgong til festivalkantina i første etasje, der dei kan kjøpe både mat, drikke, frukt og grønt.


Tider
Fredag 6. oktober: 18:00 - 22:00
Laurdag 7. oktober: 14:00 - 22:00 (slutt)


Billettar og prisar
bLAN nyttar billettsystemet Geekevents til førehandssal av billettar. På butikksida til bLAN på https://www.geekevents.org/blan17ha kan ein kjøpe billett både med og utan sitteplass. Merk at super-billettane er aldersbegrensa i systemet, og ein må difor opprette brukarkonto i deltakaren sitt navn for å få tilgong til desse. For bLAN super har vi også valgt å ikkje ha plassreservering, då dette fort kan skape grupperingar som held nokon utanfor, særleg i denne aldersgruppa. Det blir fri plassering ved ankomst.

Billett med sitteplass: 150,-
Billett utan sitteplass: 100,-

OBS: vi har begrensa antal plassar, det er kun 30 billettar tilgjengelig av kvar type.


Kontakt, spørsmål og tilbakemelding
Dersom de som føresette har spørsmål angåande opplegget, skriv til oss på kontakt@blan.no. Dette er første gong vi tilbyr bLAN super, og vi set stor pris på tilbakemelding på opplegget i etterkant av arrangementet. Kom gjerne med både ris og ros, slik at vi kan utvikle tilbodet vidare og veit kva som var bra og ikkje.
 

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close