bLAN 2017 Haust

6.-8. oktober - Breimshallen, Sogn og Fjordane

Paintball på bLAN 2017


Som ein del av vår satsing på nye og varierte aktivitetar vil vi denne gongen tilby paintballspeling under bLAN! Dette vert årets store høgdepunkt, vi har kjøpt inn 70.000 ball, og er klare for å holde det gåande heile laurdagen. Spørsmålet er, er du klar?
 

I samarbeid med Vereide Paintball forvandlar vi uteområdet rundt Breimshallen til ei stor paintballbane med varierte og spennande baneelement, og tilbyr speling for alle frå ungdomsskulealder og oppover. Her kan kven som helst møte opp og delta, opplegget er ope for både deltakarar på bLAN og andre interesserte. Vi gjer merksam på at alle under 18 år må fylle ut samtykkeskjema med underskrift frå foreldre/føresette for å få lov til å spele (sjå link nederst).
 

Vi startar opp klokka 10:00 laurdag 7. oktober, og skyt på so lenge vi har dagslys. Det vil koste 50,- per paintballbillett. Dette inkluderar ei full runde på bana der to lag spelar 5 mot 5, samt skyting på blink. Når alle som vil har fått prøve seg kan ein kjøpe ny billett og spele fleire runder om ein vil det. Saman med Vereide Paintball stiller vi med både bane, utstyr og speledress til alle - alt er ordna, berre møt opp og bli med på moroa!
 

Print ut samtykkeskjema her (gjeld ALLE under 18 år): http://bit.ly/2fgqM92

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close