bLAN 2017 Vinter

17.-19. februar - Breimshallen, Sogn og Fjordane

Slik blir bLAN 2017

Etter fleire års satsing på eSport, med seriøse konkurransar og store pengepremiar, er det no på tide å snu opp ned på heile bLAN. Verken deltakartalet eller økonomien har vore på topp i det siste, og vi vil difor flytte fokuset tilbake til slik ting var før. Vi gler oss til å gje slepp på det seriøse, til å konkurrere for gøy og ikkje kun for pengar, og til å fokusere på at du som deltakar skal trivast.

Med dette kjem ein del endringar. Fordi vi har hatt færre deltakarar dei siste gongane har vi bestemt oss for å droppe gamerlounge. Slik prioriterar vi ein full sal med god stemning nede, i staden for to halvtomme og kjedelige etasjar. Salen i andre etasje blir brukt til sovesal, slik at dusjane vert tilgjengelige døgnet rundt. I tillegg avsluttar vi bLAN søndag kveld i staden for måndag morgon, fordi det ofte har vore nesten tomt i salen natt til måndag. Då vil vi heller bruke energien vår på å yte 110% over to netter, enn å hale det ut til tre.

Vidare vil vi ha mindre fokus på pengepremiar, og i større grad tilby premiar i form av datautstyr, levert av våre fantastiske sponsorar. Vi vil at folk skal kome på bLAN og konkurrere i dataspel fordi det er kjekt, ikkje kun for å tene pengar. Informasjon om kva turneringar vi skal arrangere, og med kva premiar, kjem i ein eigen artikkel om kort tid. Følg med!

Av nye og spennande ting kan vi denne gongen blant anna freiste med at alle skal få prøve den mykje omtala Virtual Reality teknologien, noko vi også vil informere meir om seinare i veka. I tillegg har vi fleire spennande konsept på gong når det kjem til sceneunderholdning og konkurransar, som vi skal ha det mykje moro med.

Vi gler oss til å sjå akkurat deg på bLAN i vinterferien. Få med deg ein ven og besøk https://www.geekevents.org/blan17/ for å kjøpe billettar!

Vi opnar dørene klokka 18.00 på fredag.
Alle skal vere ute av salen klokka 18.00 på søndag.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close