bLAN 2017 Haust

6.-8. oktober - Breimshallen, Sogn og Fjordane

Årets turneringar


Suksessen var stor og tilbakemeldingane gode på opplegget rundt turneringane på forrige bLAN, der fokuset var flytta vekk frå store pengepremiar og prestisje. Resultatet blei meir avslappa, inkluderande og ikkje minst punktlige turneringar, der alle hadde det moro. Samtidig såg vi hard konkurranse og seriøse kampar mellom dei beste når ein vinnar skulle kårast, akkurat slik det skal vere med e-sport. 
 

Slike verdiar vil vi bygge vidare på, og har difor valgt å legge oss på samme linje denne gongen. På denne måten vil vi bevise at e-sport ikkje treng store pengesummar som truar økonomien til festivalen for å fungere. E-sport skal vere for alle nivå, og blir skapt av lidenskap for gaming og gode konkurransar. Det kan vi love at du får oppleve på bLAN!
 

Under bLAN 2017 haust vil desse turneringane bli arrangert offisielt av bLAN:
Counter-Strike: Global Offensive 5v5
League of Legends 5v5
Rocket League 2v2
Hearthstone 1v1
FIFA (konsoll) 1v1

Overwatch (funcompo, format etter deltagelse)

Vi jobbar i tillegg på spreng med å finne ei løysing på korleis vi skal kunne avholde turnering i Playerunknown's Battlegrounds (PUBG). Serverløysing byr på utfordringar sidan spelet framleis er i beta, men vi satsar på å kunne tilby dette likevel.
 

Tradisjonen tru vil CS-turneringa vere den vi satsar mest på. Denne får ein pengesum av arrangøren på 5.000,- til førsteplass, samt utstyr frå dei flotte sponsorane våre til andre- og tredjeplass. Dei resterande turneringane får utstyr og andre premiar. Kva utstyr som vert gjeve til dei ulike plasseringane er hemmeleg heilt til premieutdelinga.
 

Tidsskjema kjem til å bli annonsert på førehand denne gongen, og vi legg opp alt etter at det ikkje skal vere støy eller musikk frå scena når turneringar med kommunikasjonsbehov pågår.
 

(Både gjennomføring av og format på oppsette turneringar er med forbehold om antall deltakarar, endringar kan bli gjort der det blir naudsynt.)

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close