bLAN 2018 Haust

5. - 8. oktober - Breimshallen, Gloppen

Turneringar på bLAN 2018 Haust

Etter eit par år utan fokus på e-sport er vi tilbake for fullt, med ein samla premiepott på 70 000 kroner! Her er informasjon om årets turneringar. 


Storsatning på e-sport

Med ein og ein halv månad igjen til årets store høgdepunkt i Breimshallen, er planlegginga i full sving for at du som deltakar skal få ei fantastisk oppleving. Vi i bLAN brenn for at e-sport skal vere noko for alle, og at alle skal kunne delta og konkurrere for å ha det kjekt, ikkje berre for pengane sin del. Turneringane på bLAN har dyktige admins og høg kvalitet, men handlar ikkje berre om det profesjonelle og seriøse. Vi skal vere ein ungdomsfestival for alle, og har stort fokus på dette når vi no satsar for fullt på konkurransebasert gaming.

Vi har bestemt oss for å tilby følgande spel denne gongen (les meir under):
Fortnite - DUO
CS:GO - 5v5
LoL - 5v5
Rocket League - 2v2


Tidsskjemaet for turneringane kjem på plass etter kvart. Vi gler oss veldig til å sjå både topp og bredde kjempe mot kvarandre og ha det gøy med e-sport under årets festival!
 

Fortnite - DUO

Hovudfokuset under årets bLAN vert utan tvil den store Fortnite-turneringa vår, der samla premiepott er på heile 50 000kr. Her har vi valgt å gå for oppsettet DUO - altså to på kvart lag, sidan dette er enklast å gjennomføre med høg kvalitet i alle ledd. Då treng du kun ein partner for å delta. Og frykt ikkje - dersom du reiser åleine eller ikkje finn deg ein partner på førehand, skal vi hjelpe til med å sette saman to og to før turneringa startar. For å delta i Fortnite på årets bLAN må du spele på enten PC, PS4 eller Xbox. Du kan også spele på PC med kontroll. Vi har ein god plan på å løyse utfordringane rundt crossplay, så her er alt under kontroll!

Vidare har vi valgt å fordele premiepotten til topp 8, slik at alle kan vere med å kjempe om ein bit av pengane, ikkje berre dei aller beste. Likevel blir det store summar i toppen, sidan det kun er to personar på kvart lag.

Påmelding, samt meir konkret informasjon om gjennomføring av turneringa kjem etter kvart.


Premiefordelinga ser slik ut:

1. plass:     20 000,-
2. plass:     10 000,-
3. plass:     6 000,-
4. plass:     4 000,-
5.-8. plass:     2 500,-


CS:GO - 5v5

bLAN har svært lange tradisjonar for å vere eit CS-LAN, og vi har ingen planar om å gå bort frå dette. Vi har solide serverar, flinke admins og lang erfaring. Oppsett og format vil vere akkurat som før; 5v5, gruppespel og finalerunder. I gruppespelet er det BO1 (best av en) og i finalerundene er det BO3 (best av tre). Påmelding kjem etter kvart.


Premiefordelinga ser slik ut:

1. plass:     10 000,-
2. plass:     5 000,-
3. plass:     utstyr og stæsj frå våre sponsorar


League of Legends - 5v5

Vi har også hatt for tradisjon å avholde LoL-turnering på bLAN, men dei siste åra har ikkje dette vore veldig høgt prioritert, og har ikkje fått pengar i premiepotten. No gir vi dette ein sjanse igjen, og håpar mange vil delta for å prøve å kjempe i toppen. Her blir oppsettet 5v5, og turneringsformatet Double Elimination med BO1 i innledande runder og BO3 i finalen. Påmelding kjem etter kvart.


Premiefordelinga ser slik ut:

1. plass:     5 000,- winner takes all
2. plass:     utstyr og stæsj frå våre sponsorar


Rocket League - 2v2

RL blir også vidareført, men utan pengepremiar. Det vil bli spelt 2v2, og format blir bestemt etter kor mange lag som blir med. Vinnarlaget får premie i form av utstyr og stæsj frå våre sponsorar, samt heder og ære og stor applaus!


Gamerlounge og lydnivå under turneringane

Denne gongen er Gamerlounge tilbake, eit flott alternativ til dei som skal delta i turneringane og vil sitte adskilt frå hovudsalen. Her er det totalforbud mot musikk, slik at salen tilbyr ro og fred til konsentrasjon. Meir informasjon om Gamerlounge kjem snart i ein eigen artikkel.

I hovudsalen vil det vere kun lav bakgrunnsmusikk under dei turneringane som krev høg grad av kommunikasjon, særleg CS:GO. Vi tek altså hensyn til dette her også, men skal du ha det heilt stilt må du bestille billett til Gamerlounge. I hovudsalen kan det utanom turneringane bli spelt noko høg musikk frå scena (stemning!!), men det vil stort sett ligge på eit behagelig nivå.


StreamTeam

Under bLAN i vinter var vi så heldige å få besøk av StreamTeam frå Solborg Folkehøgskule. Dei vender tilbake, og skal stå for stream-produksjon av turneringane og sending på nett også denne gongen. Her får du sjansen til å vise deg fram på stream, enten du er pro eller noob. Meir info kjem. (Og ja, det blir betre oppløysing på streamen denne gongen!)



Disclaimer:

Både gjennomføring av og format på annonserte turneringar er med forbehold om antal deltakarar. Endringar kan bli gjort der det blir naudsynt.

Premiar som er levert av våre sponsorar blir ikkje dekka av bLAN dersom dei ikkje dukkar opp eller ikkje blir levert i tide. Vi jobbar i dialog med desse for å skaffe kule premiar, og har aldri opplevd problem med dette, men til sjuande og sist er leveringstider og tilgjengelig utstyr utanfor vår kontroll. Difor annonserer vi heller ikkje kva utstyr premiane består av i dei ulike spela.

Vi gjer også merksam på at annonserte pengepremiar kan bli justert dersom antal deltakarar vert mykje lågare enn forventa.

 

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close