bLAN 2018 Vinter

23.-25. februar - Breimshallen, Sogn og Fjordane

Årets turneringar

Stor satsing og mange kule turneringar på bLAN 2018 vinter - her finn du full oversikt!
 
Vi har fått gode tilbakemeldingar på at festivalen har blitt meir avslappa og inkluderande, og som alltid vil vi ha fokus på at bLAN skal vere ein stad for moro, ikkje berre ein konkurransearena. Vi har dei siste to gongane hatt mindre fokus på pengepremiar, men denne gongen har vi valgt å tredoble premiepotten på CS-turneringa til 15.000,-!! Meir om dette seinare i artikkelen.
 

Live-produksjon og streaming av turneringane
Det kanskje aller kulaste denne gongen er samarbeidet med Solborg Folkehøgskule og linja "StreamTeam". Vi får besøk av eit streaming-crew som skal stå for live-produksjon av turneringane og sending på nett døgnet rundt. Dette skal lage mykje god stemning for alle, enten du deltek eller ser på, og sørge for at konkurransane får skikkeleg oppmerksomhet. Her får du sjansen til å vise deg fram på stream, uavhengig om du er pro eller noob. Dette kjem det meir info om snart, stay hyped!
 

PUBG server i boks
Førre festival jobba vi på spreng for å finne ei løysing på Playerunknown’s Battlegrounds (PUBG), men vi klarte diverre ikkje å få tak i server den gangen. No er server i boks, så DET BLIR TURNERING I PUBG PÅ bLAN!
 

Stor satsing på CS:GO
bLAN har alltid vore eit CS-LAN, og tradisjonen tru blir det CS-turneringa som stikker av med den største potten. Når vi no endeleg har fått oppfylt draumen om skikkeleg live-produksjon av festivalen og turneringane, er det på tide å satse stort på dette igjen. Difor blir det 10.000,- til førsteplass, 5.000,- til andreplass og utstyr frå våre flotte sponsorar til tredjeplass. I resten av turneringane vert det også utstyr frå sponsorane delt ut som premiar.
 

Årets turneringsoppsettet ser slik ut:
Counter-Strike: Global Offensive (5v5) (15.000,- + utstyr frå sponsorar)
League of Legends (5v5) (utstyr frå sponsorar)
Rocket League (2v2) (utstyr frå sponsorar)
Hearthstone (1v1) (utstyr frå sponsorar)
Playerunknown's Battlegrounds (Duo FPP) (utstyr frå sponsorar)

FIFA blir ikkje køyrt som ei stor turnering, men den kjem med som funcompo.
 

Musikk og lydnivå
Under dei turneringane som krev mest kommunikasjon og ingame lyd vil musikken vere som vanleg HEILT avskrudd. Dette gjeld CS:GO og PUBG. Vidare har vi fått tilbakemelding på at det har vore for høg musikk utanom turneringane også, og dette tar vi på alvor. No vil det stort sett kun vere bakgrunnsmusikk med roleg volum under heile festivalen. Samtidig veit vi at det er fleire som er glad i høg musikk og stemning på bLAN. For å prøve å ta hensyn til alle vil vi sette opp “partyhour” i tidsskjemaet eit par gongar i løpet av helga, der musikkvolumet går opp. Desse tidene vil bli tydelig annonsert.
 

Tidsskjemaet for turneringane kjem på plass etter kvart, og både gjennomføring av og format på oppsette turneringar er med forbehold om antall deltakarar. Endringar kan bli gjort der det blir naudsynt.
 

NB: premiar som er levert av våre sponsorar blir ikkje dekka av bLAN dersom dei ikkje dukkar opp eller blir levert i tide. Vi jobbar hardt for å skaffe mykje kult utstyr akkurat som før, men vi kan aldri vere 100% sikre på kva vi faktisk får. Dette er grunnen til at vi ikkje lovar konkret utstyr til konkrete turneringar. Vi tek også forbehold om at premiar og oppsett kan bli justert ved lav deltaking.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close