bLAN 2019 Haust

4.-7. oktober - Breimshallen, Gloppen

Turneringar og premiar - bLAN 2019 Haust

NB! Sjekk den nye potten til CS:GO.
Sjølvsagt må vi dra til litt ekstra når det er 20-års jubileum! 


Turneringar og premiar

Planlegginga er i full sving, og vi gler oss til årets bLAN og storstilt 20-årsjubileum i Breimshallen. Som alltid vil vi gjere det vi kan for å tilby turneringar i dei mest aktuelle spela for våre deltakarar, og denne gongen smell vi til ekstra kraftig, sidan det er jubileum!

Vi har bestemt oss for å tilby følgande spel denne gongen (les meir under):
Tidsskjemaet for turneringane kjem på plass etter kvart.
 

Fortnite - SOLO: 50 000,-

Også denne gongen legg vi hovudfokuset på Fortnite, men denne gongen blir det SOLO-turnering på eigne custom servera. That's right, endelig kan vi ha ei skikkelig turnering, der alle i salen spelar mot kvarandre! Påmelding, samt meir konkret informasjon om gjennomføring av turneringa kjem etter kvart.


Premiefordeling:

1. plass:           25 000,-
2. plass:           10 000,-
3. plass:           5 000,-
4.-8. plass:       2 000,-
 


CS:GO - 5v5: 36 000,-

Tradisjonen tru er CS på plass. Oppsett og format vil vere akkurat som før; 5v5, gruppespel og finalerunder. I gruppespelet er det BO1 (best av en) og i finalerundene er det BO3 (best av tre). Påmelding kjem etter kvart.


Premiefordeling:

1. plass:     20 000,-
2. plass:     10 000,-
3. plass:     5 000,-
4. plass:     1 000,-


Rocket League - 2v2: 5 000,-

Etter tilbakemeldingar og aukande interesse smell vi til med stor premiepott til RL også denne gongen! Turneringa vil også få ein mykje meir gunstig plass i tidsskjemaet enn tidligare. Det vil bli spelt 2v2, og format blir bestemt etter kor mange lag som blir med.


Premiefordeling:

1. plass:     3 000,-
2. plass:     1 500,-
3. plass:     500,-
 

Lydnivå under turneringane

Gamerlounge er eit flott alternativ til dei som skal delta i turneringane og vil sitte adskilt frå hovudsalen. Her er det totalforbud mot musikk, slik at salen tilbyr fred og ro til konsentrasjon. I år kjem vi til å følge opp dette strengare enn før, etter tilbakemeldingar om for mykje bråk og uro under forrige arrangement. Meir informasjon om Gamerlounge kjem snart i ein eigen artikkel.

I hovudsalen vil det vere kun lav bakgrunnsmusikk under dei turneringane som krev høg grad av kommunikasjon, særleg CS:GO. Vi tek altså hensyn til dette her også, men skal du ha det heilt stilt må du bestille billett til Gamerlounge. I hovudsalen kan det utanom turneringane bli spelt noko høg musikk frå scena (stemning!!), men det vil stort sett ligge på eit behagelig nivå.



Disclaimer:

Både gjennomføring av og format på annonserte turneringar er med forbehold om antal deltakarar. Endringar kan bli gjort der det blir naudsynt.

Premiar som er levert av våre sponsorar blir ikkje dekka av bLAN dersom dei ikkje dukkar opp eller ikkje blir levert i tide. Vi jobbar i dialog med desse for å skaffe kule premiar, og har aldri opplevd problem med dette, men til sjuande og sist er leveringstider og tilgjengelig utstyr utanfor vår kontroll. Difor annonserer vi heller ikkje kva utstyr premiane består av i dei ulike spela.

Vi gjer også merksam på at annonserte pengepremiar kan bli justert dersom antal deltakarar vert mykje lågare enn forventa.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close