bLAN 2018 Haust

5. - 8. oktober - Breimshallen, Gloppen

Paintball og Gokart - SAMTYKKESKJEMA

Vi slår på stortromma og tilbyr noko vi aldri har gjort før, nemleg Gokart! Vi gjentek dessutan fjorårets paintballsuksess. Her finn du alt du treng å vite om årets uteaktivitetar.

(Link til samtykkeskjema nederst i artikkelen).

Uteaktivitetar

Vi ønskjer alltid å vidareutvikle oss som arrangement, og har dei siste åra jobba for å tilby fleire og meir spennande aktivitetar utanom data og speling. I tillegg til eit rikt utvalg av innandørsaktivitetar, satsar vi på svært attraktive utandørsaktivitetar. Denne gongen står både paintball og Gokart på programmet! Utandørsaktivitetane vil vere ope for alle, også dei som ikkje deltek på sjølve bLAN. For meir informasjon om pris og gjennomføring, sjå avsnitta lengre nede i artikkelen.
 

Gokart

Vi har kjøpt inn ein Gokart med grusdekk (såkalla crosskart), som vil verte brukt til å køyre på ei avsperra grusbane utanfor hallen. Her kan du køyre berre for gøy, men det vert òg konkurranse om beste tid, der førsteplassen vert premiert. 
Dette vil altså vere ope for alle, anten du er deltakar eller ikkje. Inviter gjerne venner og kjente til å ta turen innom for å bli med på moroa!

Dette tilbodet er for ungdomsskulealder og oppover, altså du må minimum ha byrja i 8. klasse. Vi gjer oppmerksom på at alle under 18 år må fylle ut samtykkeskjema med underskrift frå foreldre/føresette for å få køyre (sjå link nederst).

Vi held bana ope laurdag og søndag, 6. og 7. oktober. Gokart vert gratis for deltakarar som har løyst billett med sitteplass til bLAN, medan besøkande og dei som kjem utanfrå må betale 50kr for å delta.
 

Paintball

I samarbeid med Nordfjord Paintball forvandlar vi ein del av parkeringsplassen utanfor Breimshallen til ei stor paintballbane, med varierte og spennande baneelement. Dette tilbodet er for ungdomsskulealder og oppover, altså du må minimum ha byrja i 8. klasse. Paintball er også ope for alle, og vi håpar at akkurat DU sprer ordet, slik at også folk som ikkje er deltakarar på bLAN kjem innom for å prøve.

Vi gjer oppmerksom på at alle under 18 år må fylle ut samtykkeskjema med underskrift frå foreldre/føresette for å få spele (sjå link nederst).

Vi held paintballbana ope laurdag og søndag, 6. og 7. oktober. Deltakarar som har løyst billett med sitteplass til bLAN har ei runde gratis paintball inkludert i billetten. Etter dette kostar det 100kr per runde. Besøkande og dei som kjem utanfrå må betale 150kr kvar runde. Inkludert i paintballbilletten er ei full runde på bana (to lag på bana, fem på kvart lag), lån av kjeledress, markør, maske og hanskar, samt ball. I tillegg blir det gratis skyting på blink.

Spre ordet så vi kan få med så mange som mogleg på bana!


Print ut samtykkeskjema her (gjeld både paintball og gokart): https://docs.google.com/document/d/1bfZEhrOnSmytOIA3NRMX_wPU0kDceeoT2ZUOHMMTMII/edit?usp=sharing 
 

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close