bLAN 2024 Haust

04. - 07. Oktober - Breimshallen - Gloppen

Velkommen til nye blan.no

Endeleg har nettsida vår fått eit sårt etterlengta ansiktsløft, og det var jammen på tide. Historia bak korleis dette skjedde denne gongen, synest vi er god nok å dele.

Tech crew, som har ansvar for utvikling og drift av blan.no, hadde avtalt at dette skulle gjerast denne veka. Tidspunkt var avtalt, og dei hadde sett av kvar kveld heile veka for å komme i mål med arbeidet i tide til annonsering og billettslepp. Stemninga var heilt middels, for denne gongen måtte dei lære seg eit heilt nytt system, og dei visste at dette kom til å ta tid. Men der, heilt ut av det blå, akkurat i det dei hadde starta arbeidet, dukka Ole Alexander Hole opp i Discord text chat med følgande beskjed: “Ehh, helde dokke på å lage ny nettside?” “Ja”, svara Bendik, og ba Ole om å joine voice chat for å hjelpe til. “Eg fikk for meg at dokke ikkje hadde ordna det, så eg har begynt på ei ny eg og…”, kjem det frå Ole. Han sa at han hadde “begynt på”, men det han linka oss var dette fiks ferdige meisterverket av ei nettside du ser på akkurat no, som han hadde laga heilt på eiga hand. “copy. paste. into live environment. pls.”, sa Bendik, og arbeidet med ny nettside var avslutta på fem minutt - mad creds til Ole!

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close