Som foreldre lurer de gjerne på om det er trygt å sende dykkar son/dotter på datatreff. Svaret er JA!
bLAN er eit sosialt datatreff, der folk med forskjellig grad av interesse for data møtast. Kvar gong har vi ca. 100-150 deltakarar med datamaskin, i tillegg til mange som er der for å ha det kjekt og vere sosiale. Deltakarane våre er somregel mellom 12 og 20 år,
der aldersgruppa som dominerer er rundt 16 år. Vi har ikkje noko nedre aldersgrensem, men vi anbefalar ikkje at yngre deltakarar (10-13år?) er tilstades heile døgnet. Det går ofte 'sport' i og vere opp lengst mogeleg, så det kan vere ein fordel å få dei unge håpefulle heim eit par timar i døgnet slik at dei vert utkvilte.
bLAN er eit rusfritt arrangement med sterk fokus på at alle skal trivast heile helga.
Kvart einaste år heilt sidan 1999 har det vore lagt ned utallige timar i frivillig arbeid i samband med arrangementa. Arrangørgruppa består av lokal ungdom med brennande interesse for data, som har eit stort ønske om å kunne gje andre ungdomar eit tilbod der dei kan utøve sine fantastiske fritidsinteresser.. Vi treng hjelp frå vaksne personar (foreldre) til enkle oppgåver som rydding, nedrigging og vakthald. Har du moglegheit og føler deg kalla til å bidra, ta kontakt. Treng du meir info eller ynskjer å melde deg til tjeneste? Ta kontakt på epost: kontakt@blan.no.








