bLAN 2025 Haust

03. - 05. Oktober - Breimshallen - Gloppen

Til foreldre/føresette


Som foreldre lurer de gjerne på om det er trygt å sende dykkar son/dotter på bLAN. Svaret er JA!

bLAN er ein ungdomsfestival med variert aktivitetstilbod og fokus på det sosiale, der folk med ulik grad av interesse for data møtast. Kvart arrangement har vi rundt 80 deltakarar, i tillegg til mange som er der for å ha det kjekt og vere med på alle dei sosiale aktivitetane og tilboda våre.

Nedre aldersgrense for å vere deltakar med datamaskin og vere til stades om natta er at du må ha byrja på ungdomsskulen, altså frå og med 8. klasse. Deltakarane våre er somregel mellom 12 og 18 år, der aldersgruppa som dominerer er rundt 14 år. bLAN er eit rusfritt arrangement med sterk fokus på tryggleik og at alle skal trivast heile helga.

 

I tillegg til dette har vi eit eige tilbod for dei som går i 5.-7. klasse på barneskulen, kalt bLAN Super. Her får dei ein smakebit på festivalen der dei kan ta med seg datamaskin og/eller konsoll for å vere til stades på dag- og kveldstid.  Også her er det vaksne vakter til stades. Les meir om dette opplegget under "Om bLAN" i menyen.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close