bLAN 2024 Haust

04. - 07. Oktober - Breimshallen - Gloppen

Om bLAN
 

bLAN, kort for Breim LAN, er det største og eldste datatreffet i Sogn og Fjordane. Det vert arrangert i Breimshallen i Gloppen, som ligg sentralt ved E39, slik at det er lett å kome seg dit både med privatbil og buss frå heile fylket. Vi har etter kvart utvikla bLAN til å bli ein ungdomsfestival, ikkje berre ein nerdefest. Vi har eit variert aktivitetstilbod, og mange deltek utan å spele data i det heile.

bLAN Interesseorganisasjon står bak arrangementet, og arrangerer to gongar i året, kvar haust- og vinterferie. Kvart einaste år heilt sidan 1999 har det vore lagt ned utallige timar i frivillig arbeid i samband med arrangementa. Arrangørgruppa består av ungdom frå heile fylket med varierande interesse for data, som brenn for å gje andre ungdomar eit tilbod der dei kan utøve sine fantastiske fritidsinteresser.

På fylkesbasis er vi i særklasse, og har i mange år vore det største og mest ettertrakta datatreffet i heile Sogn og Fjordane. Kvar gong samlar vi mellom 200 og 300 ungdomar til ei helg litt utanom det vanlege, der dei kan slå seg laus med sine interesser for data på alle plan. Hovudgruppa av deltakarar er frå Sogn og Fjordane, men folk frå Molde såvel som folk frå Bergen og Oslo vender tilbake år etter år. Vi legg også til rette for at dei som ikkje tek med seg datamaskin skal ha det kjekt, og på denne måten har vi blitt ein sosial møteplass og festival for ungdom generelt, uansett interesse. Kort sagt – dette er ein ungdomsfestival for alle!

bLAN er eit rusfritt arrangement med fokus på at alle skal trivast. Vi tilbyr ungdomen ein trygg, engasjerande, sosial og lærerik arena. Etter 20 år i gamet er vi svært godt etablert.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close