bLAN 2017 Vinter

17.-19. februar - Breimshallen, Sogn og Fjordane

Reglar

Når du løyser billett på bLAN må du følge desse reglane.

  • Ikkje høgtalarar som treng eige kraftverk
  • Ei maskin, ein skjerm pr. person. med unntak av konsoll rada der du kan ha med konsoll og pc
  • Ikkje tukle med nettverksutstyret. Du skal plugge til din kabel når du kjem, og la den stå i til du forlet LANet. Ved nettverksproblem, kontakt helpdesk.
  • Alle datainnbrot/Denial of Service vil verte politimeld. Med andre ord: Vi tolerer ikkje gjentekne portscanningar av utstyr
  • Alle datamaskiner på bLAN skal ha installert alle kritiske oppdateringar som er tilgjengeleg for sitt operativsystem. Dersom du ikkje har moglegheit til dette der datamaskina står til vanleg, skal du ta kontakt med crew/helpdesk ved ankomst!
  • Alle datamaskiner som køyrer variantar av Windows, med unntak av mobil, smartphone og andre handhelde einingar, skal ha installert antivirus og oppdateringar for dette. Dersom du ikkje får tak i antivirus der datamaskina står til vanleg, skal du ta kontakt med crew/helpdesk ved ankomst!
  • Ikkje fyll opp midtgangen. Desse har funksjon som rømningsvegar ved brann, så tenk på at det skal vere råd å gå i dei.
  • Kast søppelet ditt i næraste søppelbøtte. Rydd etter deg sjølv!
  • Ikkje sjå på porno på LAN!
  • Viss du vil røyke, så gjer det utandørs, litt vekke frå hovudinngangen. BRUK ASKEBEGERET, eller plukk opp samtlige sneipar utanfor!
  • Kvitevarer tek for mykje straum, og er forbode. Gå til kiosken, eller spis kald grandis. (NEI! Vi steikjer ikkje medbrakt grandis for deg.)
  • bLAN er eit rusfritt arrangement. All bruk av rusmiddel er dermed forbode, også alkohol. Ved misstanke vil vi kreve alkotest. Utslag på denne vil medføre utestengelse frå bLAN resten av helga!
  • Folk som lagar bråk/problem utover desse reglane, vil også kunne verte kasta ut
  • Ting som blir gløymt att i hallen vil bli kasta 3 dagar etter bLAN er ferdig
  • Rett deg etter det crew seier.
  • Vil serleg påpeike det siste punktet. Dersom kru seier noko, så gjeld det uavhengig av eventuelle reglar. Dersom det skulle oppstå diskusjon om reglane har kru avgjerda. RETT DEG ETTER DETTE!

Reglar for Gamerlounge 

  • ALLE dei andre reglane for bLAN gjelder også i gamerlounge. 
  • Det er ikkje lov med høgtalara og det skal vere forholdsvis stille. (Moderat rage er selfølgeleg greit).
  • Det er ikkje lov og drive med tusjing og anna tull verken på dei som er våkne eller dei som søve i gamerlounge.
  • Folk uten Gamerlounge pass har ikkje tilgang til Gamerlounge under konkurransar.
  • Gamerlounge er også sovesal for dei som har plass der - lydnivået skal vere der etter.
Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close