bLAN 2024 Haust

04. - 07. Oktober - Breimshallen - Gloppen

Gamerlounge


I år har vi lagt store pengepremiar i turneringane våre, og med ei slik satsing på e-sport hentar vi sjølvsagt inn igjen det som kanskje er det mest populære tilbodet i bLAN si historie; GAMERLOUNGE!  Her finn du alt du treng å vite om dette.

 

Kva er Gamerlounge?

Gamerlounge finn stad i ein eigen sal i andre etasje i Breimshallen, adskilt frå all støy frå hovudsalen. Dette opnar for ei fantastisk atmosfære for konsentrasjon og gaming på høgt nivå, og Gamerlounge er tiltenkt dei som skal delta seriøst i turneringar, eller som berre vil game og ha det stille og rolig rundt seg på LAN.

Dette er eit av våre eigenproduserte konsept, og var i ei årrekke vårt mest ettertrakta tilbod. På grunn av behov for sovesal og diverse anna måtte vi legge det på is, men no er det tilbake for fullt. Vi ønskjer å bygge vidare på alt som gjorde dette til eit suksessprosjekt, samtidig som vi prøver ut nye moglegheitar. No treng du ikkje lenger sende søknad om å få plass i Gamerlounge, det blir førstemann til mølla. NB! Det er berre plass til 62 personar i denne salen, så her gjelder det å vere tidleg ute med å bestille.

Responsen har alltid vore god frå dei som har hatt plass der tidligare, og vi vil absolutt anbefale dette dersom du ønskjer å drive med seriøs gaming under bLAN, delta i turneringar etc.

 

Tilbodet inkluderar:

  • 100cm brei bordplass

  • stol med mjuk og god pute i sete og rygg

  • stille og rolig miljø

  • sofakrok for avslapping

  • servering av gratis kaffi og snacks

  • kjøleskap til medbrakt drikke

Aldersgrense: 8. klasse og oppover.
 

Tidligare har Gamerlounge fungert som sovesal for dei som har billett der, men det går vi no vekk frå. Vi jobbar med eit behagelig og praktisk sovetilbod som blir likt for alle deltakarar. Dette blir annonsert etter kvart.


 

Reglar for Gamerlounge

  • Det er ikkje lov til å bruke høgtalarar, og det skal vere stille og rolige forhold til alle døgnets tider. (Litt raging er sjølvsagt greit, men ikkje dra det for langt.).

  • Det er ikkje lov å drive med tusjing og anna tull

  • Folk utan Gamerlounge-pass har ikkje tilgang til området under konkurransar.

  • Alle dei andre reglane for bLAN er også gjeldande i Gamerlounge.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close