bLAN 2025 Haust

03. - 05. Oktober - Breimshallen - Gloppen

Billettar til bLAN 2025 Haust

 

Vi kan med glede meddele at billettsalet til bLAN 2025 Haust har starta. Billettar får du kjøpt på https://www.geekevents.org/blan25h/#/shop. Forklaring og prisar på dei ulike bilettane, samt rettleiing til korleis du kjøper billett, finn du på denne sida.

 

Når du kjøper billett er det viktig å passe på at du bestiller rett type:

 

Det er gratis inngang mellom klokka 11 og 21

Dersom du skal være på bLAN utanom desse klokkesletta må du enten ha billett eller dagspass/helgepass

dagspass og helgepass kan du kjøpe på arrangementet

Dagspass og helgepass gir deg ikkje rett på bordplass.

 

Hovudsal - 100cm: 399,-
Billett for sitteplass med 100cm bordplass i hovudsalen. Med denne billetten kan du KUN reservere plass på rekkene merka med "Hovudsal - 100cm" på salkartet. 

Inkluderer:
- inngang til bLAN heile helga
- 100cm brei bordplass
- gratis tilgang til alt av aktivitetstilbod inne
Aldersgrense: 8. klasse og oppover.

 

bLAN Super: 299,-
Billett KUN for deltakarar som går i 5.-7. klasse på barneskulen. "Super" er eit avgrensa og aldersbestemt tilbod på dagtid.

 Meir info om Super finn du under "Om bLAN" i menyen.

Inkluderer:
- 100cm brei bordplass
- gratis tilgang til alt av aktivitetstilbod inne
 

 

Besøkande kan kjøpe billett i døra. På dagtid er det gratis å komme innom på besøk.

 

Korleis bestille billett

bLAN nyttar billettsystemet Geekevents til førehandssal av billettar.

  1. Registrer ein brukar på Geekevents.
  2. Gå til butikksida til bLAN på Geekevents.
  3. Velg billettane du skal ha og trykk “fortsett”.
          - velg betalingsmetode og bekreft ordren. 

Som nemnd er det førehandsbetaling av billettar over nettet. Det er viktig for oss at det er den som brukar billetten som kjøper den. Så for de som ikkje har høve å betale for eigen billett foreslår vi at du ber ein forelder eller verge om å betale billetten til deg.

  • Spør dine foreldre/føresette.
  • Geekevents tilbyr kjøp av opptil 5 billettar per brukar, så dersom du reiser med nokon som har bankkort kan du gjere ein avtale slik at denne personen kjøper for deg. 

 

Vi gjer merksam på at feilkjøpte billettar ikkje vil bli refundert, så pass på å kjøpe riktig type billett.

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close