bLAN 2024 Haust

04. - 07. Oktober - Breimshallen - Gloppen

bLAN 2020 Haust - Gloppen only!


Vi har venta i det lengste for å vurdere smittesituasjonen nøye, og kan no annonsere at det blir bLAN i år også. Første helga i haustferien arrangerer vi mini-bLAN i Breimshallen, med fullt fokus på smittevern. Årets arrangement er beklageligvis KUN for dei som bur i Gloppen kommune.
 

Generell informasjon:

Dato: 2.-4. oktober (kun to netter, fredag til søndag)
Antal plassar: 48 (KUN for deltakarar frå Gloppen kommune)
Aldersgrense: 8. klasse og oppover (ingen bLAN Super)
Dørene opnar: fredag 18:00
Hallen skal vere tom: søndag 12:00
Kjøp billett her: https://geekevents.org/blan20v2/#/shop 

Turneringar vil bli arrangert etter kapasitet, og blir bestemt etter kva som er ønska under sjølve arrangementet. Det vert ingen pengepremiar - denne gongen kjempar vi om heder og ære!
 

KORONA - VIKTIG INFORMASJON:

Med utganspunkt i nasjonale retningslinjer, samt dei anbefalingar som eksisterer frå Gloppen kommune, har vi beslutta følgande tiltak for å kunne arrangere eit trygt bLAN:

  • Vi tillet dessverre kun deltakarar frå Gloppen kommune. For å hindre spredning av smitte kan vi dessverre ikkje ta imot deltakarar frå andre kommunar. Integrert i billettsystemet ligg det ein "søknad" som du må svare på før du kan kjøpe billett, der du må oppgje bustadsadresse.
     
  • Har du feber eller symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime.
     
  • Arrangementet vil kun ha 48 tilgjengelige plassar, slik at vi kan sikre opp mot to meter avstand mellom kvar person.
     
  • Det vert IKKJE sovesal på årets arrangement. Skal du sove må du enten bli henta for å sove heime, eller sove på tastaturet ditt. Det er absolutt nulltoleranse for soving andre stader.
     
  • Forutan arrangørar er det KUN detlakarar med gyldig førehandskjøpt billett som slepp inn i Breimshallen. Ingen besøkande, ingen foreldre eller føresette. Ved ankomst og heimreise må deltakaren altså bære utstyret inn og ut sjølv.
     
  • Ved hjelp av kontaktlaust pannetermometer vil vi måle kroppstemperatur på samtlige deltakarar og arrangørar ved ankomst, samt regelmessig gjennom helga. Ved feber eller symptom på luftvegsinfeksjon må vedkomande forlate Breimshallen umiddelbart.
     
  • Ein-meteren gjeld også på bLAN, og alle må gjere sin del av jobben for å holde avstand!
     
  • Ingen aktivitetar, leikar eller samlingspunkt på det som tidlegare har vore aktivitetsområde. Kiosken vert opna med jamne mellomrom gjennom helga, men du må ete på plassen din.
     
  • Deling/låning av utstyr under arrangementet er strengt forbode - du skal KUN bruke det utstyret som står på din eigen plass. 
     
  • Det vert plassert ut Antibac rundt om i hallen, samt på kvar enkelt deltakar sin plass. Dette er til for å brukast!
     
  • Arrangementet kan bli avlyst/avslutta på kort varsel dersom smitteforholda endrar seg. Vi vil gjerne understreke at vi denne gongen ikkje refunderer billettar - uansett årsak. 
     
  • Det siste tiltaket, og kanskje det viktigaste, er at vi som ansvarleg arrangør vil forbeholde oss retten til å bortvise deltakarar som ikkje etterlever dei reglar og tiltak som gjeld for å hindre smitte og sikre eit trygt bLAN.

 

Vi håpar alle tek dette på største alvor, slik at vi kan samlast til ei kjekk helg i Breimshallen, som er trygg for både deltakarar og samfunnet rundt oss.

Vel møtt!
 

Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close