bLAN 2026 Haust

2. - 4. Oktober - Breimshallen - Gloppen

Reglar

Når du er tilstades på arrangementet må du følge desse reglane, dette gjeld også alle besøkande.

      Utstyr og plass    ;D

  • Alt av privat utstyr og eigendelar vert medbrakt på eige ansvar.
  • Deltakaren er sjølv ansvarleg for å sikre medbrakt utstyr.
  • Ta kun med utstyr som passar innanfor den billettplassen du har kjøpt.
  • Ikkje ta med lenestol eller sofa. Vi godtek kontor- og gamingstolar i normal størrelse, men dersom stolen din er eit problem for plass og rømningsveg, kan vaktene be deg bruke ein annan.
  • Kvitevarer og enkelte brunevarer tek for mykje straum, og er forbode. Gå til kiosken for å kjøpe det du treng av mat og drikke. (Vi steikjer ikkje medbrakt pizza for deg. Unntaket er dersom du har glutenallergi, då vi ikkje har glutenfri pizza på menyen. Har du behov for dette, ta kontakt på førehand og gjer avtale.)
  • Ikkje høgtalarar på bLAN.

     Sovesal        (-.-) zzzz 

  • Det er ikkje lov til å sove under borda eller bakoverlent i stolen, bruk tilvist sovesal!
  • Hald deg innanfor markert område i sovesalen.
  • Sovesalen er ikkje eit aktivitetsområde. Her skal være stille og rolig.

     Tryggleik og orden      o_O

  • Ikkje fyll opp midtgangen. Desse har funksjon som rømningsvegar ved eventuell brann, så tenk på at det skal vere mogleg å gå i dei.
  • Kast søppelet ditt i næraste søppelbøtte, rydd etter deg sjølv!
  • Ting som blir gløymt att i hallen vil bli kasta etter at bLAN er ferdig.
  • Crewet tar bileter under arrangementet til bruk for dokumentering og reklamering.

     Nettverk og data        ',:^I

  • Ikkje tukle med nettverksutstyret. Ved nettverksproblem, kontakt crew.
  • Alle datainnbrot/Denial of Service vil verte politimeld. Med andre ord: Vi tolerer ikkje gjentekne portscanningar av utstyr.
  • Alle datamaskiner på bLAN skal ha installert alle kritiske oppdateringar som er tilgjengeleg for sitt operativsystem. Dersom du ikkje har moglegheit til dette der datamaskina står til vanleg, skal du ta kontakt med crew ved ankomst.

     Røyk, rus og åtferd      >:/  

  • Vape, e-sigarett og anna form for dampmaskin blir behandla likt som sigarettar og anna form for "røyking"
  • Dersom du vil røyke, så gjer det utandørs, gå vekk frå dører og vindu før du startar å røyke.
  • bLAN er eit rusfritt arrangement. All bruk og oppbevaring av rusmiddel er forbode. Ved funn eller mistanke vil vi krevje alkotest. Utslag på denne vil medføre umiddelbar utkastelse og utestengelse frå bLAN resten av helga. Vi kan ikkje tvinge nokon til å ta blåsetest, men dersom du nektar vil utfallet bli det same som ved positiv test, og du må forlate bLAN umiddelbart.
  • Ikkje sjå på porno på bLAN.

     Autoritet og regeltolkning     :-))

  • Folk som lagar bråk/problem utover desse reglane, vil også kunne verte kasta ut.
  • Rett deg etter det crew seier. Dersom crew må ta ei vurdering eller ein bestemmelse, så er det det som gjeld, uavhengig av kva som står i reglane. Dersom det skulle oppstå diskusjon om reglane er det crew og vakter som bestemmer. RETT DEG ETTER DETTE!

 

 
 
Ellers forheld vi oss til Norges lover på bLAN
Eller bruk bLAN.no brukarnamn og passord

Error message here!

Error message here!

Gløymt passordet?

Eller registrer deg her

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Error message here!

Skriv E-mail-adressen, så sender vi deg en mail med informasjon om korleis du nullstiller passordet.

Error message here!

Tilbake til innlogging

Close